Ei lita oppdatering

Christian Ramsvik
24. juni 2007
« 
Forrige blogg
|
|

Ja, etter mykje om og men, og aldri så lite hinting fra Lisa kjem det altså ei lita oppdatering. Ikkje fordi det har skjedd noko stort og banebrytande, men rett og slett for å gje dei trufaste besøkande lønn for strevet. Sidene våre er ikkje dei mest besøkte på nettet, men i følge google-statistics er det i snitt omlag 4-5 besøkande på sida kvar dag. Det er stort sett dei same plassane på kartet som går igjen, i tillegg til ein og annan tilfeldig besøkande frå andre kantar av verda. Siste månaden har det til dømes vore fem besøk frå Blue Bell i Pennsylvania, USA. Det er stort sett framsida og kamera-sidene våre som vert besøkte. Eg tippar derfor at det er folk med tilknytning til Norge, og kanskje Sunnmøre spsielt som har oppdaga kameraet og er inne for å sjå korleis det ser ut her.

For dei so mlurer på kvifor det er bilete av ein Camp-Let på denne bloggen så kan eg fortelle at det er fordi vi har kjøpt oss ein slik. Det er ikkje den som er på biletet, for vi har ikkje fått slått han opp enda. Men den ser omlag slik ut. Vi har lurt litt på å kjøpe ein slik ei stund, og hadde ringt på eit par stykke. Kvar gong forsvann dei rett framom nasen på oss. Men på onsdag hadde Fttern kome over ei annonse i Nytt i Uka, og den ringde eg på. Han som skulle selge den sa det hadde ringt ein annan kar, men han hadsde ikkje lova han noko. Eg tok sjansen på å vere frekk og sa at dersom det var greit så tinga eg vogna ut kvelden, og skulle kome og sjå på den. Det sa han var greit. Vi hadde og bestilt ny vaskemaskin på ein av dei store kjedane (den i grønt og blått) og den hadde tilfeldigvis også kome på onsdagen. Eg for derfor tidleg utover slik at eg fekk henta denne først.

På Skodje traff eg Ivar, ein triveleg kar på rundt 60, som kunne fortelle at ungane var vaksne og utflytata, og det vart no ikkje til at han og kona tok fram Cmap-Let'en når dei skulle på tur aleine. Dei skulle no gjerne besøke barn og barnebarn, og der var det no alltid husrom til dei. Dei hadde hatt nokre fine turar i lag, men det var på tide å la nokon andre ta over, meinte dei. Så vidt eg kunne sjå var vogna i utmerka bra tilstand til å vere snart atten år gamal. Eit par knekte vingar på ein vingemutter og ei litt bøygt stang var alt som var å setje fingeren på. Og så meinte Ivar at teltet burde impregnerast, for det kunne kome mlitt vatn inn på det eine hjørnet når det regna. Eg oppdaga også eit lite hol i det eine blinklys-glaset, men det fiksar eg lett med litt aralditt, så er det godt som nytt. Alt i alt var det vel ikkje meir å peike på en at ein må kunne sei at den var i perfekt stand. Ikkje var det noko å seie på prisen heller. Den var langt under alle dei andre vi hadde sett på. Eg fann ut at det var eit så bra tilbod at eg ikkje kunne seie nei, så eg sa at Ivar nok måtte ringe og skuffe han som hadde vore teog sett på hengaren tidlegare.

Ellers held vi no på å forberede bursdagsselskap for Maja i dag. Ho vart fem for ei vekes tid sidan, og i dag skal ho ha gjestar. Vi håper det klarnar opp litt meir slik at dei kan vere ute, men det spørst om det rekk å verte varmt nok. Vi får vel heller dekke på inne. Muffins og kaker vert det no uansett. Så får vi sjå kva anna vi finn på.

Kommentarar

eZ publish™ copyright © 1999-2005 eZ systems as