Om kameraet

Kvifor
Webkamera er artig. Det gjer sida meir dynamisk, i og med at der alltid er noko nytt innhald. Det er så klart ikkje garantert at det skjer noko framom kameraet til eikvar tid, men sjansen til å sjå noko i det det hender er i alle fall til stades.

Får du ikkje levande bilde?
Når du går inn på "Live kamera" første gongen vil du bli spurt om å installere en plugin. (Det sprett opp eit lite vindauge). Dersom du ønskjer å sjå levande bilde må du svare ja på dette spørsmålet. I tillegg kan det vere naudsynt å gjere ei lita innstilling i registeret på maskina di. For å gjere det enkelt har vi laga ei lita fil som gjere dette for deg. Den ligg på "Live kamera" sida saman med instruksjonar på korleis du kjører den.

Teknisk
Utstyr
Kameraet er eit DLink DCS-2100+ Tekniske spesifikasjonar finn du her, evt. meir detaljert info på engelsk her.
Oppsett
Kameraet inneheld ein eigen liten web-server med web-grensesnitt for konfigurering. Der kan du styre alt fra bildekvalitet og tilgangskontroll til bevegelses-detektering og opplasting. For tida er dette kameraet sett til Ã¥ ta eit bilde kvart 5. minutt. Dette vert så lasta opp til ein FTP-server. (Det er dette bildet du ser på "Tids-kamera"-sida.) I tillegg er det sett opp med bevegelsesdetektering, som gjer at det tek eit bilete og laster det opp kvar gong det vert oppdaga endring i eit definert område av bildet. Dette kan du sjå på sida "Røyrsler". I skrivande stund er der eit område på vegen omtrent midt i biletet. Desse er valgt fordi det er her det er størst sannsynlegheit for at det skal opphalde seg nokon. Den tredje kamera-sida - Live kamera - inneheld ein direkte link til video-sendinga i kameraet. Her vil du kunne sjå levande bilde. Hastigheita (og dermed kvaliteten) på bildeoverføringa vil variere med bandbreidda du har. Raske linjer gir betre bilde med reinare bevegelse. På denne "streamen" vil du kunne sjå at det dukkar opp raude firkantar rundt bilar. Dette er kameraet som viser at det er oppdaga bevegelse.