Kikholet

Via web-kameraet vårt kan du få eit lite innblikk i kva som foregår rundt oss. Dette kan du gjere via dei tre variantane informasjon som kameraet gjev.

Tidskamera Sist endra: 20. februar 2006 

På tidskameraet vert det teke eit bilete kvart femte minutt heile dagen. I perioden frå det vert mørkt til det vert lyst igjen er kameraet av.

Røyrsler Sist endra: 20. februar 2006 

Her kan du sjå det ferskaste biletet som er teke fordi kameraet har oppdaga eitkvart som rører på seg. Det er sett opp med ulike somer som det sjekkar konstant, og dersom til dømes ein bil passerer inne i denne sona lastar kameraet opp eit nytt bilete til serveren.

Live kamera Sist endra: 20. februar 2006 

Det er desverre naudsynt å nytte Internet Explorer for at levande bilete (live feed) skal fungere. Dei andre funksjonane (tidskamera og bevegelseskamera) skal fungere i alle nettlesarar som støttar bilete.

Om kameraet Sist endra: 20. februar 2006 

Kvifor
Webkamera er artig. Det gjer sida meir dynamisk, i og med at der alltid er noko nytt innhald. Det er så klart ikkje garantert at det skjer noko framom kameraet til eikvar tid, men sjansen til å sjå noko i det det hender er i alle fall til stades.