Vinter? Nah... Ikkje enda

Christian Ramsvik
09. desember 2006

Det er i alle fall fint lite som tyder på at vinteren står for døra. Den einaste indikasjonen på at vi faktisk er inne i vinteren er faktisk kalenderen. Vi er nesten ein tredel ute i desember, men her er ikkje eit snøfnugg å sjå med unntak av det som ligg på fjelltoppane. Temperaturen er rett nok ikkje så mykje over null, men det har ikkje vore mange dagane med nattefrost dei siste par månadane. Ikkje så uventa kanskje, sidan eg har fått installert motorvarmar i caravellen.

Julestemning er det ikkje så mykje av enda heller, for den kjem vanlegvis med snøen. Det einaste typiske for jule eg har lagt særleg merke til er at Coca Cola sine ûber-amerikanske reklamer er tilbake på fjernsynet, og dei vert litt i overkant for min smak. (Sjølv om eg likar Coca Cola.)