Påsketur ...

Christian Ramsvik
15. april 2007
« 
Forrige blogg
|
|

... vart det heller lite med, men ein "helikopter-tur" eller to vart det då tid til. Knut var heimom i påska, og hadde med seg radiostyrt helikopter. Utruleg artig, og forbausande enkelt å kome i gang med. Eg har heyrt mykje om kor vanskeleg det skal vere å flyge radiostyrte helikopter, men etter litt instruksjonar om kva dei ulike stikkene på kontrollen gjorde og korleis det var lurt å pøve seg fram så var eg i lufta. Litt krasjing vart det sjølvsagt i starten, men ikkje noko alvorleg.

Mot slutten av påska skulle vi ein tur på ungdomshuset for å flyge, (det er greit med store lokale, så ein har litt plass) men då skulle der vere barnedåp. Vi valgte i staden å prøve oss i uverskuret på skulen. Det er ikkje eit ideelt helikopter for utendørsbruk i og med at det er så lite og lett, me n med gunstige vindforhold vart det ikkje så gale. Litt spenande å ta høgde for litt vind også, når ein skal prøve å lande på eit bestemt punkt.

Knut hadde med seg kamera og tok nokre filmsnuttar. Den beste legg eg ut her: (18MB!) Kopter-film

Kommentarar