|
|
||
|
Siste nytt
Ferske lenker
På høg tidChristian Ramsvik
07. januar 2007
Ikkje høgtid (sjølv om ei slik eller to har vore passert sidan sist det vart blogga her), men høg tid, ja. Igjen har det vore svært behagelig å ikkje skrive, sidan det kan kallast "arbeid". Til mitt forsvar så veit dei fleste lesarane av denne bloggan (trur eg i alle fall?) det meste av det som har hendt, så det er ikkje mange som har vore snytt for informasjon, sjølv om det har skjedd ein del sidan sist. Den kanskje største hendinga på tampen av fjordåret vsar sydenturen med innlagt feiring av Fattern sin 60-årsdag og julefeiring. I anledning "dei 60" sponsa han nemleg reise til Gran Canaria for heile familien. Han tenkte vel at det ikkje var så mykje gale vi kunne finne på der nede sidan det har vore ein tendens til "ubehagelege" overraskingar ved fylte runde tal. Som for ti år sidan då han vart "arrestert" av uniformerte politimenn og sett i "arresten" på ungdomshuset i Tusvik, der det var viking/nissefest og blot med meir. Denne gongen slapp han "billeg" unna når det gjaldt skjemt og fantestrekar for anledninga, men han vart nok litt overraska då han opna bursdagsgåva som var felles frå oss alle: Ein gassvarslar. Etter eit par omdreiningar i "harddisken" skjøna han at han ville kunne bruke den samman med gasskomfyren som var den verkelege gåva, men denne kunne vi jo ikkje drasse med oss på flyet. Han har snakka om gasskomfyr ei stund, og eg ser i alle fall fram til å kunne hjelpe til med å fjerne det som vert til overs når vidunderet skal testast og prøvast. Etter gåveåpning (det var ikkje så mange gåver utover den felles gåva, men småjentene hadde no kjøpt nokre små personlege gåver som eg trur han sette minst like stor pris på som ovnen) var det middag på det som definitivt var favorittrestauranten; Amadeus. Mykje god mat, STORE porsjonar (Marius bestilte seg lammekotelettar, og dei som talte dei kom til sju, trur eg det var!) og god service. Ungane fekk sjølvsagt mykje is til desert, og det vasr gjerne like mykje stjerneskudd og glitter som det var is. Slikt veit sjølvsagt ungar å sette pris på. Sjølvsagt var det ikkje berre ungane som fekk stjerneskudd og glitter. Då servitørane "på mystisk vis" fekk nyss om at Fattern hadde 60-årsdag piska dei igang allsang av "Happy Birthday" og fekk alle gjestane i restauranten til å reise seg når dei sang. Det vart servert stor fargerik drink med rikelig av fyrverkeri, og stemninga var verkeleg oppe under taket. Meir om resten av turen seinare. No er det andre ting ann blogging som står for tur. (som likte å halde artig med folk og var fulle av skjemt og fantestrekar) Kommentarar |
||