Då har eg omsider fått oppgradert julegåva eg fekk fra Lisa og Erlend i fjor; motorvarmaren. Versjon 1.0 var ein vedkubbe og kontantar til opgradering. Versjon 2.0 er ein skikkeleg DEFA varmekolbe. I tillegg fekk eg installert kontakt til kupevarmar. Kupevarmar var allereie innhenta frå Biltema, så no skulle det vere duka for ein varmare start på dagen. Særleg håpar eg at kupevarmaren skal få slutt på frosne dører, noko som har vist seg å vere eit ganske stort problem på Caravellen. Ikkje så rart, kanskje, når heime døra skal rivast laus på ein gong. Det vert trass alt mellom fire og fem meter pakning å løsne på ein gong.
I alle fall burde det hjelpe på, og jobben med å skrape vindauge burde også bli litt lettare. Det er nesten det verste med heile vinteren; skraping av bilruter om morgonen.
Ellers skal det bli spennande å sjå korleis skisesongen vert i år. I fjor vart det ikkje så mykje slalomkøyring, så vi lyt freiste å verte litt flinkare i år. Eg trur i alle fall Pia er klar for det, og Maja burde og klare å køyre åleine i bakkane snart no.