|
|
||
|
Siste nytt
Ferske lenker
Den som ventar. . . .Christian Ramsvik
05. november 2006
Den som ventar på noko for lenge kan ende opp som karen på biletet. (Det er eit kunstig skjelett, i fall nokon skulle verte skremde.) Det ei god stund sidan sist vi skreiv noko her no, så det er kanskje på høg tid å ta opp att tråden. Det er fleire månader sidan sist, og litt har jo hendt sidan då. Dei heilt ståre hendingane har det ikkje vore, men Pia har no vorte andreklassing, og kosar seg på skulen. Maja har allerede byrja å gle seg til ho skal byrje på skulen, sjølv om det er eit par år igjen. For ikkje så lenge sidan var hausten brått over og vi fekk den første smaken av vinter. Kaldt og snø gjorde det ikkje så vanskeleg for oss (det er mest austlendingane som ikkje klarer å halde seg på vegen så snart det kjem eit par snøfnugg, verkar det som) sjølv om nokre frosne låsar og parkeringsbremsar på bilane kan vere irriterande nok. Piggdekka har no kome på, så bilane skal i alle fall vere skodd for det som kjem. Litt rydding i garasjen så ein kan sette bilane inn så vert det vel bra. I tillegg skal Caravellen få installert motorvarmar og kupevarmar i morgon, så frå då av kan Monica og ungane sjå fram til ein litt lunare start på dagen. Ellers har vi no byrja å sjå på å få installert sentralstøvsugar. Det vart ikkje mindre fristande etter at den støvsugaren vi har akkaurat no ser ut til å ha fått redusert sugeevna kraftig. Forhåpentlegvis er det berre noko som sit fast i svingen på slangen. Det skal eg ta rede på om litt. Uansett så fristar det med sentralvarianten, slik at vi fer fjerna også finstøvet frå dei andre romma. Den støvsugaren vi har har ikkje hepa-filter, så det meste av støvet vert berre flytta på, og legg seg fint tilrette igjen litt seinare. |
||