Å sykle med stang

Maja Kvingedal Ramsvik
21. juli 2006

Her om dagen var Mamma, Pappa og eg på sykkeltur i Straumgjerde. Det var egentleg berre eg som var på sykkeltur, for Mamma og Pappa har ikkje syklar. Men Pappa hadde med seg trilleskøytene sine. Eg hadde stang på sykelen, for eg kan ikkje å sykle utan. Den stanga bruker Mamma og pappa til å halde meg fast med, slik at eg ikkje veltar. Og når eg ikkje orkar å trø meir så kan dei gi meg litt fart.

Mamma hjelpte meg først, men det gikk litt sakte. Ho orka ikkje å springe så veldig fort, så Pappa tok over. Sidan han hadde trilleskøyter på seg gikk det litt fortare. Då vart det litt lettare og. Han slepte meg nokre gonger slik at eg sykla litt aleine. Det var ganske artig, og etter ei stubd klarte eg å sykle ganske langt utan at han heldt meg. MEn det er slitsomt å sykle, så vi var der ikkje så veldig lenge. Etterpå for vi heim og åt is.

Kommentarar