|
|
|||||||||
|
Siste nytt
Ferske lenker
BloggarHer vil du finne dei ferskaste bloggane våre.
Christian Ramsvik
Etter å ha vore nede nokså lenge er kameraet no oppe og går igjen. Vi får sjå kor lenge det varer, for det er gammalt, og årsaka til at det har vore nede er at det har byrja å lage ein pipelyd som er svært irriterande. Sidan det har stått montert i vindauget på heimekontoret mitt har det vore naudsynt å slå det av. No har eg flytta kameraet til eit anna rom, så no får det stå på til det sluttar å fungere, tenker eg.
Christian Ramsvik
Ja, etter mykje om og men, og aldri så lite hinting fra Lisa kjem det altså ei lita oppdatering. Ikkje fordi det har skjedd noko stort og banebrytande, men rett og slett for å gje dei trufaste besøkande lønn for strevet. Sidene våre er ikkje dei mest besøkte på nettet, men i følge google-statistics er det i snitt omlag 4-5 besøkande på sida kvar dag. Det er stort sett dei same plassane på kartet som går igjen, i tillegg til ein og annan tilfeldig besøkande frå andre kantar av verda. Siste månaden har det til dømes vore fem besøk frå Blue Bell i Pennsylvania, USA. Det er stort sett framsida og kamera-sidene våre som vert besøkte. Eg tippar derfor at det er folk med tilknytning til Norge, og kanskje Sunnmøre spsielt som har oppdaga kameraet og er inne for å sjå korleis det ser ut her. For dei so mlurer på kvifor det er bilete av ein Camp-Let på denne bloggen så kan eg fortelle at det er fordi vi har kjøpt oss ein slik. Det er ikkje den som er på biletet, for vi har ikkje fått slått han opp enda. Men den ser omlag slik ut. Vi har lurt litt på å kjøpe ein slik ei stund, og hadde ringt på eit par stykke. Kvar gong forsvann dei rett framom nasen på oss. Men på onsdag hadde Fttern kome over ei annonse i Nytt i Uka, og den ringde eg på. Han som skulle selge den sa det hadde ringt ein annan kar, men han hadsde ikkje lova han noko. Eg tok sjansen på å vere frekk og sa at dersom det var greit så tinga eg vogna ut kvelden, og skulle kome og sjå på den. Det sa han var greit. Vi hadde og bestilt ny vaskemaskin på ein av dei store kjedane (den i grønt og blått) og den hadde tilfeldigvis også kome på onsdagen. Eg for derfor tidleg utover slik at eg fekk henta denne først. På Skodje traff eg Ivar, ein triveleg kar på rundt 60, som kunne fortelle at ungane var vaksne og utflytata, og det vart no ikkje til at han og kona tok fram Cmap-Let'en når dei skulle på tur aleine. Dei skulle no gjerne besøke barn og barnebarn, og der var det no alltid husrom til dei. Dei hadde hatt nokre fine turar i lag, men det var på tide å la nokon andre ta over, meinte dei. Så vidt eg kunne sjå var vogna i utmerka bra tilstand til å vere snart atten år gamal. Eit par knekte vingar på ein vingemutter og ei litt bøygt stang var alt som var å setje fingeren på. Og så meinte Ivar at teltet burde impregnerast, for det kunne kome mlitt vatn inn på det eine hjørnet når det regna. Eg oppdaga også eit lite hol i det eine blinklys-glaset, men det fiksar eg lett med litt aralditt, så er det godt som nytt. Alt i alt var det vel ikkje meir å peike på en at ein må kunne sei at den var i perfekt stand. Ikkje var det noko å seie på prisen heller. Den var langt under alle dei andre vi hadde sett på. Eg fann ut at det var eit så bra tilbod at eg ikkje kunne seie nei, så eg sa at Ivar nok måtte ringe og skuffe han som hadde vore teog sett på hengaren tidlegare. Ellers held vi no på å forberede bursdagsselskap for Maja i dag. Ho vart fem for ei vekes tid sidan, og i dag skal ho ha gjestar. Vi håper det klarnar opp litt meir slik at dei kan vere ute, men det spørst om det rekk å verte varmt nok. Vi får vel heller dekke på inne. Muffins og kaker vert det no uansett. Så får vi sjå kva anna vi finn på.
Christian Ramsvik
... vart det heller lite med, men ein "helikopter-tur" eller to vart det då tid til. Knut var heimom i påska, og hadde med seg radiostyrt helikopter. Utruleg artig, og forbausande enkelt å kome i gang med. Eg har heyrt mykje om kor vanskeleg det skal vere å flyge radiostyrte helikopter, men etter litt instruksjonar om kva dei ulike stikkene på kontrollen gjorde og korleis det var lurt å pøve seg fram så var eg i lufta. Litt krasjing vart det sjølvsagt i starten, men ikkje noko alvorleg. Mot slutten av påska skulle vi ein tur på ungdomshuset for å flyge, (det er greit med store lokale, så ein har litt plass) men då skulle der vere barnedåp. Vi valgte i staden å prøve oss i uverskuret på skulen. Det er ikkje eit ideelt helikopter for utendørsbruk i og med at det er så lite og lett, me n med gunstige vindforhold vart det ikkje så gale. Litt spenande å ta høgde for litt vind også, når ein skal prøve å lande på eit bestemt punkt. Knut hadde med seg kamera og tok nokre filmsnuttar. Den beste legg eg ut her: (18MB!) Kopter-film
Christian Ramsvik
Ikkje høgtid (sjølv om ei slik eller to har vore passert sidan sist det vart blogga her), men høg tid, ja. Igjen har det vore svært behagelig å ikkje skrive, sidan det kan kallast "arbeid". Til mitt forsvar så veit dei fleste lesarane av denne bloggan (trur eg i alle fall?) det meste av det som har hendt, så det er ikkje mange som har vore snytt for informasjon, sjølv om det har skjedd ein del sidan sist. Den kanskje største hendinga på tampen av fjordåret vsar sydenturen med innlagt feiring av Fattern sin 60-årsdag og julefeiring. I anledning "dei 60" sponsa han nemleg reise til Gran Canaria for heile familien. Han tenkte vel at det ikkje var så mykje gale vi kunne finne på der nede sidan det har vore ein tendens til "ubehagelege" overraskingar ved fylte runde tal. Som for ti år sidan då han vart "arrestert" av uniformerte politimenn og sett i "arresten" på ungdomshuset i Tusvik, der det var viking/nissefest og blot med meir. Denne gongen slapp han "billeg" unna når det gjaldt skjemt og fantestrekar for anledninga, men han vart nok litt overraska då han opna bursdagsgåva som var felles frå oss alle: Ein gassvarslar. Etter eit par omdreiningar i "harddisken" skjøna han at han ville kunne bruke den samman med gasskomfyren som var den verkelege gåva, men denne kunne vi jo ikkje drasse med oss på flyet. Han har snakka om gasskomfyr ei stund, og eg ser i alle fall fram til å kunne hjelpe til med å fjerne det som vert til overs når vidunderet skal testast og prøvast. Etter gåveåpning (det var ikkje så mange gåver utover den felles gåva, men småjentene hadde no kjøpt nokre små personlege gåver som eg trur han sette minst like stor pris på som ovnen) var det middag på det som definitivt var favorittrestauranten; Amadeus. Mykje god mat, STORE porsjonar (Marius bestilte seg lammekotelettar, og dei som talte dei kom til sju, trur eg det var!) og god service. Ungane fekk sjølvsagt mykje is til desert, og det vasr gjerne like mykje stjerneskudd og glitter som det var is. Slikt veit sjølvsagt ungar å sette pris på. Sjølvsagt var det ikkje berre ungane som fekk stjerneskudd og glitter. Då servitørane "på mystisk vis" fekk nyss om at Fattern hadde 60-årsdag piska dei igang allsang av "Happy Birthday" og fekk alle gjestane i restauranten til å reise seg når dei sang. Det vart servert stor fargerik drink med rikelig av fyrverkeri, og stemninga var verkeleg oppe under taket. Meir om resten av turen seinare. No er det andre ting ann blogging som står for tur. (som likte å halde artig med folk og var fulle av skjemt og fantestrekar) |
|||||||||